Row wavy Shape Decorative svg added to bottom

Velkomen til elveville dagar!

Tvildemoen 29. - 30. august 2026

Foto: Halvor Heggem, Mads Holden, Marina Hovsveen, Daniel Sapak

Play Video

Ein inkluderande elvefestival

Siste helg i august er du invitert til festival på Tvildemoen. Me har program både på land og på vann for store og små, og festivalen er også open for dei som berre ynskjer å stikka innom og sjå på livet. Meld deg på aktivitetar her.

Row concave Shape Decorative svg added to top
Row concave Shape Decorative svg added to bottom

Program

Laurdag 29. august

Kl 10.00: Velkomen!

Møt på Voss Elveklubb. Me ynskjer deg velkomen og fortel meir om kva som skal skje i helga!

Kl 10.15: Community kayaking

For padlarar som har minimum grunnkurs elv. Me deler opp etter nivå.

Kl 12.30: Omvisning på Voss Elveklubb 

Visste du at elveklubben planlegg klubbhus på Tvildemoen? Bli med på omvisning og få vita meir om planane.

Kl 13.00: Lunsj med grilling

Etter aktivitetane samlar me oss igjen på klubben. Det vert servert grillmat, og du kan kjøpa kake, kaffe og saft.

Kl 14: Elvesnorkling med Tora Heggem

Oppdag den forunderlege verda under vassflata.

Kl 14: Den legendariske Vossolaksen

Ein ekte fiske-entusiast frå Voss fortel.

Kl 14: Roll clinics

Lær deg teknikken - eskimorulle i elvekajakk.

Søndag 30. august

Kl 10.00: Praktisk naturrestaurering

Me blir med Naturverkstaden og rydder i vassdragsnaturen! Voss Elveklubb får dugnadsmidlar for kvar enkelt som stiller opp på dette.

Kl 13: Lunsj

Ta med eigen niste, eller du kan kjøpa noko å bite i på klubben.

Kl 14: Avslutning og fun float til Tintrabrua

Alle kan bli med på dette! Meld deg på dersom du treng å låne utstyr (redningsvest, hjelp og evt elvefartøy) frå klubben. Me flyt saman ned til Tintrabrua.

Obs: Endringar kan skje.

Aktivitetane har avgrensa plassar, så lurt å melde seg på i forkant.

Blir du med som frivillig?

Då får du gratis grill-lunsj på laurdag og masse god elve-karma!

Foto: Halvor Heggem, Mads Holden, Marina Hovsveen, Daniel Sapak